17.03.2019

Skuleavisa Spildenytt tar form

Mandag 11. mars var John Hoem og eg på Glæsnes og Telavåg. Elevane på 4. og 5. trinn på Glæsnes fortalde korleis dei hadde samskrive med elevane på Telavåg i “dokumenter”. I Spildenytt kjem det lesarinnlegg elevane har skrive saman, på tvers av skulane. Det er ikkje bare lett å skrive saman med nokon ein ikkje kjenner, fortalde dei. Her har vi laga ei liste med nokre av våre tips saman med tipsa elevane hadde:

Tre tips for digital samskriving
  1. Bli litt kjent først, kanskje gjennom videochat? Eller dra på besøk?
  2. Lag reglar for korleis ein kan redigere i kvarandre sin tekst. Skriv kommentarar til den andre som “suggestions” (forslag) – det er ikkje greit å slette noko ein annan har skrive.
  3. Når ein skriv lesarinnlegg, må alle forfattarane ha same meining om saka ein skriv om.

På Telavåg var vi med 2. og 3. trinn. Dei laga reklame i “presentasjonar”. Elevane la inn tekst, bilete og til og med “memes” så lett som bare det! Jon viste lærarane korleis ein kan lage grafiske animasjonar i dette programmet. Dette ville dei vise elevane neste gong. Det er mykje ein kan snakke om her når ein arbeider vidare. Første gong laga elevane reklame for eit heit valfritt produkt dei likar. Kanskje dei skal finne opp eit sjølvlaga produkt dei kan lage reklame for neste gong?

Tusen takk til elevane som var utruleg flinke til å vise oss kva dei hadde arbeidd med. Vi gler oss til å lese nettavisa når ho kjem!



Ellen Birgitte Johnsrud