Tre tips for digital samskriving
- Bli litt kjent først, kanskje gjennom videochat? Eller dra på besøk?
- Lag reglar for korleis ein kan redigere i kvarandre sin tekst. Skriv kommentarar til den andre som “suggestions” (forslag) – det er ikkje greit å slette noko ein annan har skrive.
- Når ein skriv lesarinnlegg, må alle forfattarane ha same meining om saka ein skriv om.
På Telavåg var vi med 2. og 3. trinn. Dei laga reklame i “presentasjonar”. Elevane la inn tekst, bilete og til og med “memes” så lett som bare det! Jon viste lærarane korleis ein kan lage grafiske animasjonar i dette programmet. Dette ville dei vise elevane neste gong. Det er mykje ein kan snakke om her når ein arbeider vidare. Første gong laga elevane reklame for eit heit valfritt produkt dei likar. Kanskje dei skal finne opp eit sjølvlaga produkt dei kan lage reklame for neste gong?
Tusen takk til elevane som var utruleg flinke til å vise oss kva dei hadde arbeidd med. Vi gler oss til å lese nettavisa når ho kjem!
Ellen Birgitte Johnsrud
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar